Plastfyllinger
Få biverknader med plastfyllingar
![]() |
Dei siste åra har det ikkje vore nokon auke i rapporteringa frå helsepersonell når det gjeld mistanke om biverknader frå kvite plastfyllingarer i tennene. |
Den siste tida har det vore ein del fokus på bruken av kvite tannfyllingar i tannhelsesektoren, samanlikna med bruken av amalgam.
Bruken av amalgam i tennene fører til kvikksølvutslepp gjennom heile livet.
– I et folkehelseperspektiv meiner vi kvite fyllingar er mindre skadelege enn amalgam, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.
Klare tilråingar
Helsedirektoratet anbefalte i 2003 at tannhelsetenesta gjekk over til kvite fyllingar i tennene, framfor amalgam. Det skyldast at ein gjennom forsking har kartlagt at det frå amalgam lekk ut små doser kvikksølv i kroppen gjennom hele livet, heilt til ein eventuelt fjernar amalgamet.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har uttalt at det er viktig å halde kvikksølveksponeringa på eit lågast mogleg nivå i befolkninga. Statens forureiningstilsyn har kjempa for at ein i helsesektoren i minst mogleg grad skulle bruke amalgam. Kvikksølv er nemleg ei av dei verste miljøgiftene vi kjenner til.
Sjølv om tannhelsepersonell har brukt amalgam i 200 år, er det første dei siste 20 åra at helsestyresmaktene har fått nok kunnskap om dei uheldige sidene ved dette fyllstoffet.
Ingen prov på skader
Kvite fyllingar har vore brukt av norske tannhelsearbeidarar i 30-40 år.
Helsestyresmaktene er klar over at dei nye fyllstoffa som i stor grad har erstatta amalgam også kan innehalde uheldige stoff. Dei kvite fyllingane lekk til dømes dei første dagane etter at dei blir sett inn i tennene til pasientane.
– I løpet av denne tida er det framleis ikkje kome inn rapportar om at pasientar har fått biverknader. Dei få rapportane om biverknader som fins gjeld tannhelsepersonell som har fått allergiske reaksjonar etter kontakt med materialet ein brukar i kvite tannfyllingar, forklarar helsedirektøren.
– Men vi har ingen sikker kunnskap om at kvite fyllingar gjev store helseskadar for folk flest. Etter at Helsedirektoratet sine retningslinjer tredde i kraft i 2003, har ein ikkje sett nokon auke i rapporteringa frå helsepersonell der et er mistanke om biverknader frå kvite plastfyllingar, understrekar Bjørn-Inge Larsen.
Kilde: Helsedirektoratet shdir.no
| < Forrige | Neste > |
|---|






