Forsiden - Ledere -

Hilde_Aga_2011_bilde_til_leder_p_nett

Starten på ein nytt år bringar med seg forventningar, forventningar til kva dette nye året vil gje oss av opplevingar av både positivt og negativt innhald. Som ledar av NTpF, kjenner eg på forventningar frå medlemmene til Landsstyret, omkva vi kan utføra i dette nye året. Eg kjenner også på mine eigne forventningar til kva eg i lag med resten av styret, skal få utretta i 2011. NTpF har tiltaksplan for 2011 og strategiplan for landsmøteperioden som ei rettesnor for vårt arbeid. Landsstyret har valt som pkt 1.2 på strategiplanen å jobba ”for at innholdet i tannpleierutdanningen er forenlig med de krav og ønsker samfunnet stiller til yrket vårt.” Etter å ha skrive høyringssvar på forslaget til ny folkehelselov og på forslaget til ny lov om helse-og omsorgstjenester, ser eg spesielt kor viktig dette punktet er på vår strategiplan.

Begge lovverka er viktige tiltak for å kunna nå samhandlingsreformen sin intensjon om å forbyggja meir og betre. Folkehelselova har som formål å føra til ein utvikling av samfunnet som fremjar folkehelsa. Dette er ”god musikk” i tannpleiaren sine øyrer og difor er dette eit særdeles viktig lovforslag som set fokus på fundamentet i vår yrkesgruppa. Dette grepet skal vera med på å redusera helseforskjellar. Avgjersler om folkehelsearbeid på alle forvaltningsnivå blir no samla, og det vil leggja til rette for ein meir samordna innsats. Fragmentert innsats innafor det helsefremjande-og førebyggjande arbeidet, har tannpleiarane lenge peika på som eit stort hinder for konstruktivt samarbeid. Spørsmålet
er ikkje lenger kvifor vi skal driva folkehelsearbeid, men korleis vi skal driva det. Dermed blir vår tannhelselov frå 1984 som har førebyggjing som prioritet føre behandling, omgjort til handling. Hurra!

I byrjinga av mars skal alle lokalledarane samlast til den årlege Lokalledarsamlinga. Her vil det bli sett fokus på ledar sin rolle som ombud/styreledar, vi skal bli betre kjent med den enkelte lokalavdeling og vi skal bli betre kjent med kvarandre. Samlinga skal vera med på å binda Norsk Tannpleierforening endå betre saman.

Fagkurset 2011, blir arrangert i fagre Sogn i regi av NTpF avd Sogn og Fjordane. Det blir eit variert fagprogram der vi vil få ein innføring i bl.a. den nye folkehelselova. Kost og ernæring er eit tema som våre medlemmer gjerne vil ha oppdatert kunnskap på. I år passar det bra då det føreligg nye, offesielle kostråd. Erica Grunnevoll er teolog med spesialutdanning innafor kommunikasjon og ho vil på ein humoristisk måte gje oss hjelp til refleksjon omkring eigen arbeidsdag. Vi skal få åndeleg påfyll med bl.a vandring i frukthagar og besøk til Ciderhuset. Vi har mange dyktige tannpleiarar i ulike delar av landet og nokon av desse får vi møta i fagprogrammet. NTpF vil presentera arbeid på ulike felt som enkelte av våre medlemmer har utført. Dette skal bli spennande.

Velkommen!
Hilde Aga
ledar

 
Ledige tannpleiere
Vår kampsak

Å praktisere selvstendig på trygdens regning. Norsk Tannpleier- forening arbeider for at tannpleiere skal få selvstendig refusjonsrett, og er i kontinuerlig dialog med Helse- og omsorgsdepartementet om denne viktige saken.

deltany 
nyIFDH
hw_logo_oralb
Logo-Norsk-Tannvern_1 Zendiumny