Leder Tannstikka nr 6 - 2010
TANNPLEIERUTDANNINGA I TRÅD MED SAMFUNNET SINE BEHOV
Det er kaldt fortsatt, lett snø i lufta og veret er prega av at det nærmar seg jol sjølv om det i skrivande stund, er nesten ein månad til. Kanskje det vakre novemberveret varslar oss om at vi kan sjå fram til atter ein snørik vinter som legg til rette for ski og aktivt friluftsliv. Eg håpar.
Som leiar for NTpF, kan eg også håpa på at mange saker fell på plass i tråd med foreininga sine mål. Eg erfarar at situasjonen ikkje er så enkel. Skal vi få gjennomslag for våre ønskje, må vi vera på bana og vi må vera synlege. Eg gjorde eit riktig val, då eg drog til Bergen og deltok på det årlege fakultetrådsmøtet. Her møtte eg øverste leiinga frå alle dei odontologiske fakulteta, representantar frå ulike departement, og fleire. Her lærte eg mykje og eg fekk vera med å setja tannpleierutdanninga på sakskartet. Det var nyttig, NTpF vart lytta til og fakulteta vart utfordra av Helse –og omsorgsdepartementet til å ta NTpF med i det vidare arbeidet med innhald og rammer rundt utdanninga.
Farmleggjing av statsbudsjettet er spennande. I år har tannpleierutdanninga ved Høgskulen i Hedemark og fakultetet i Bergen sagt ja til hhv 5 og 10 nye studieplasser. Det at antal studieplasser vert utvida, er ein viktig aksept frå politisk hald, og at det er ønskje om våre tenester. Lell vel eg å stilla nokre spørsmål. Det er viktig at alle tannpleierutdaningane har ein kvalitet som gjer at dei som blir utdanna har kompetansen til å løysa dei oppgåvene samfunnet forventar av oss. Min erfaring er at det har vore og fortsatt er, vanskeleg med rekruttering av lærarkrefter. Difor forventar NTpF at det er økonomisk vilje ved utdanningsstadene til å gje dei lærarane som ønskjer det, tilbod om å utvida sin teoretisk bakgrunn. Er det ønskje på utdanningsstadene å tilby, og er det vilje blant dei lærarane som alt er tilsett ved utdaningane, å jobba i større stillingar? Vil utdanningane sjå på våre komande dr.phil som ein ressurs som kan vera med å vidareutvikle vår utdanning? Eg veit ikkje svara, men skal vi få gode framtidige tannpleiarar, er det viktig at vi har fagleg dyktige lærarar med god pedagogisk kunnskap.
Sist i november deltok eg på mitt første representantskapsmøte i Delta. Dette vart ein læringsarena for meg denne gongen. Hovudtfordringane for Delta var klare: Utdanning/kompetanse, organisering og ledelse og samfunnsansvar. For å understreka sitt ansvar, organiserte difor Delta ein samfunnspolitisk konferansedag. Her var det forelesingar av høg kvalitet om korleis vi skal møta dei framtidige velferdsutfordringane. Ein stor honnør til arrangøren for ein engasjerande dag!
Det er jol, det er snart eit nytt og blankt år. Mitt ønskje for 2011 er at myndigheiter og vi andre, skal bruka vår klokskap til å handla framtidsretta, slik at vi får utvikla våre helse-og sosialfaglege utdanningar i tråd med samfunnet sine behov!
Jolehelsing frå
Hilde Aga
leiar





