Forsiden - Ledere -
LEDAREN SINE FØRSTE 100 DAGAR...

Sommaren er snart kome til ein slutt, ein sommar av varierande kvalitet over
store deler av landet. Fridagar med lite eller mykje innhald, ferie er å gjera
noko som er annleis enn det innhald dei fleste dagane våre er fylt av. No er
det tilbake til kvardagen for dei fleste. Min kvardag er endra. Frå å sykla til
og frå jobben til tannklinikken i Skien, tar eg no buss i to-tre timar til ny
jobb som ledar i Norsk Tannpleierforening i Oslo og vidare overnattingar her.

Kontoret til NTpF er sentralt på Grønland, og vi har kontorfellesskap i lag med ulike yrkesorganisasjonar i Delta. PC er blitt mitt viktigaste arbeidsverktøy, mailer som skal svarast på, telefonar frå ulike delar av landet og mengder med mapper som eg må læra meg å finna fram i. Det er godt å ha ein organisasjonskonsulent med erfaring og gode datakunnskaper på nabokontoret. Store saker skal behandlast som forslag til høgare refusjon frå NTpF til Delta, det skal utarbeidast ny spørjeundersøkelse frå Helse –og omsorgsdepartementet (HOD) blant tannpleiarane, førebuing til stand på Norsk Tannlegeforening sitt Landsmøte, saksliste til mitt første Landsstyremøte. Spennande og utfordrande, skremmande og givande situasjonsbetinga kjensler som kjem og går. Konklusjonen er likevel at eg har god magekjensla over å ha takka ja til fire år ved roret i NTpF.

Ei viktig sak for NTpF er fortsett saka om sjølvstendig refusjonsrett og utvida stønad frå HELFO til behandling utført hos tannpleier. Vi som var på Fagkurset i Alta, fekk ei oversiktleg informasjon av Helse –og omsorgsdepartementet om kvifor behandling av denne saka tar tid. Lovendring tar tid. Det nye Landsstyret i NTpF må fortsetja jobben og saka får topp prioritet.

Siste del av juni deltok eg som delegat på vår internasjonale organisasjon, IFDH, sitt representantskapsmøte i Edinburgh. Her møtte eg mange kjente frå mitt tidlegare engasjement i denne organisasjonen. Det vart mange diskusjonar i grupper og i plenum, og som delegat ser eg kor viktig det er for vår tannpleierstand at vi har ein internasjonal møteplass. Det at vi i fellesskap er med på å heva status for yrket vårt i andre land, er også med på å understreka viktigheiten av dei oppgåvene tannpleiarane utøver nasjonalt. Det at vi arbeider for etablering av tannpleierutdanning i Frankrike, med sterk motstand, og Tyskland, gjer at vi kan bli fleire og sterkare som yrkesgruppe. Det at vi får fleire medlemsland i IFDH styrkjer vår internasjonale organisasjon. Vi viser kva vi får til i Norge, vi ligg bl.a. langt framme samanlikna med andre land når det gjeld utadretta arbeid og samarbeid med andre profesjonar innafor helsefremjande – og førebyggjande arbeid. Dette er områder IFDH vil jobba vidare med.

I Sverige er det satsa mykje på forskning og Sverige får sin 20. tannpleier med doktorgrad i løpet av hausten. Det er så flott og så viktig for oss tannpleiarar at vi vitenskapleg kan visa at den jobben vi gjer, gir resultat. Her har vi og mange andre land, mykje å læra av vårt naboland.

"Forskningsbasert kunnskap" er viktig og avgjerande for vidare framgang og utvikling av vårt yrke. Det må vi her i Norge ta på alvor både ved våre utdanningsinstitusjonar og hos oss som foreining. Ja, læring er ein kontinuerleg prosess, også for meg som ledar. Norsk Tannpleierforening er ein spennande arbeidsplass og eg ser fram til mange interessante og utfordrande oppgåver å engasjera meg i. I desse dagar skal eg leda mitt første Landsstyremøte og eg gledar meg til å møta dei "nyvalte" jentene som er så klare til å gjera ein innsats for NTpF sine medlemmer!

Så blir det helgetur i Jotunheimen, kanskje fleire tannpleiarar slår følgje neste høst?

Ein vakker høst til NTpF sine medlemmer ønskjer
Hilde Aga
 
Ledige tannpleiere
Vår kampsak

Å praktisere selvstendig på trygdens regning. Norsk Tannpleier- forening arbeider for at tannpleiere skal få selvstendig refusjonsrett, og er i kontinuerlig dialog med Helse- og omsorgsdepartementet om denne viktige saken.

deltany 
nyIFDH
hw_logo_oralb
Logo-Norsk-Tannvern_1 Zendiumny