Leder Tannstikka nr 3 - 2010
Eg har akkurat returnert til Skien etter tre dagar med Fagkurs og Landsmøte i Alta. Dagar i lag med ca 200 andre entusiastiske og glade tannpleiere, dagar med godt fagleg innhald, kultur, natur og gode matopplevingar. Ein stor takk til Alta og arrangementkomiteen som hadde lagt ned mykje arbeid og lagt til rette for at vi alle skulle sitja igjen med kjensle av at dette var bra. Ja, det vart bra! Tusen, tusen takk, og takk til fagansvarleg Hilde, som har lagt ned mykje innsats for å gje oss det faglege påfyll som vi alle treng kontinuerleg og som NTpF er med å ta ansvar for.
Fredagen var det Landsmøte. Valkomiteen hadde jobba over tid med å få interesserte medlemmer til å stilla til val til nytt landsstyre. Det vart ei utfordrande oppgåve. Her vart mange benkeforslag og det gjorde avstemninga ekstra spennande denne gongen. Takk til alle dykk tannpleiere som stilte til val gjennom benkeforslag eller gjennom valkomiteen sin innstilling.
Eg kjenner meg audmjuk og spent ved å ta over som leiar av Norsk Tannpleierforening, og at det no er eg og nytt styre som skal ta fatt i alle dei utfordringane som ligg framfor oss. Takk til alle dykk som støtta meg etter at det vart kjent dei siste timane før valet at eg stilte som ledarkandidat, takk til alle de som gav meg støtte via stemmeseddel og takk til dykk som viste glede over resultatet. Det er godt å ta med seg inn i eit nytt og nokså ukjent arbeidsfeldt. Eg har fått eit flott mann(kvinne)skap til å vera med å styra NTpF- skuta vidare. Vi har eit bra utgangspunktet slik eg ser det. Tidlegare leiar Tove Bakken og det forrige styret har gjort ein suveren jobb denne perioden. No er det Hilde T, Sølvi, Gerd, Anne-Mai og to varamedlemmer, Line og Rita, som skal staka ut vegen vidare. NTpF har god kurs! Det er bra for det nye styret at vi har ein person frå det gamle styret som er med oss vidare.
Det var flott å opppleva den varmen vår tidlegare ledar Tove Bakken fekk frå sitt styre når Tove takka av. Ho vart omtale som ein person som har leda foreininga med stø hånd, ho har stilt krav til styret samtidig som styret har følt seg godt ivaretatt.
Dette vart ein ledar med mange "takk". Slik måtte det bli denne gongen.
Så vil eg ønskja dykk alle ein god sommar. Blir sommaren i år slik dagen i Skien er i dag, kan vi sjå fram til varme dagar!
Venleg helsing
Hilde Aga




