Forsiden - Ledere -

ANSVAR FOR EIGA LÆRING – EI UTFORDRING FOR ALLE

Vi har runda årsskiftet og 2010 står der nesten ubruka med blanke ark. Vi har vore gjennom ein kald desember og januarmånad her i sør, men kulda til tross – du verden så vakkert! Og nå merkar ein veke for veke at det går mot ljosare tider.

Heilt blanke ark startar vi likevel ikkje med i NTpF i starten på året. Arbeidsoppgåvene er mange og vi har nå lagt planene for det siste halvåret i noverande styre. Det går raskt til juni og fagkurs og Landsmøte i Alta. Håpar mange har tenkt å ta turen nordover – program og påmelding finn du i dette nummeret av Tannstikka.

Då eg gjekk inn som nestleiar i NTpF var eg spesielt opptatt av å jobbe med fagutvikling for tannpleiarar. For å møte utfordringane og endringane i framtidas tannhelsetenester, er det viktig at tannpleiarar er opptekne av å fornye sin kunnskap og kompetanse. Det er viktig å sjå at ein treng ulike typer kompetanse for å utøve yrket sitt. Men eg veit samstundes at det er lettare sagt enn gjort, eg innrømmer gjerne at eg sjølv har manglande initiativ til å kaste meg på ulike kurs og utdanningar. Ein har det jau så greit som ein har det, og så var det dette med tida da.....Kanskje er det fleire som tenker slik. I skrivande stund veit vi at det er få søkarar til kurset i prosjektledelse som vi planla å sette i gang med oppstart i mars. Kurset må sannsynlegvis avlysast og dette er veldig synd. Høgskulen i Buskerud var kjempepositive då vi tok kontakt og dei har laga eit kurs i prosjektledelse spesielt tilpassa tannpleiarane som yrkesgruppe. Valg av tema var på bakgrunn av kompetansekartlegginga hausten 2008, men med dårleg oppslutning om kurset har vi kanskje likevel bomma? Er det tidspunktet, er det prisen eller er det tema som ikkje er relevant nok? Er tannpleiarar mest interessera i kliniske fag? Eg velger å kaste ut nokre spørsmål og utfordre dykk tannpleiarar på dette. Det krev ein del personellressursar med omsyn til planlegging og igangsetting av eit slikt tiltak. Difor såg vi gode mogleghetar ved å samarbeide med høgskulesystemet. Dei har lang erfaring med å skreddersy kurs tilpassa ulike yrkesgrupper og kunne dermed tilby hjelp til alt det praktiske omkring dette. Vi har likevel ikkje mista trua på at vi skal få til studiepoenggivande kurs – nå får vi gå i tenkeboksen og sjå kva vi gjer vidare.

Eit anna tiltak som styret nylig har vedtatt og som du kan lese om i dette nummeret, er oppretting av stipend til etter- og vidareutdanning for tannpleiarar, samt til forskning. NTpF ynskjer med dette å stimulere til eigenutvikling i tannpleieryrket og til utvikling av tannpleierfaget. Vi håpar dette stipendet kan vera eit supplement til andre typer stipend som tannpleiarar kan søke på.

Meir spennande ting som skjer i NTpF? Nettsida vår gjennomgår i desse dagar ein ansiktsløftning, og vi håpar den kjem til å framstå både som meir brukarvenleg og delikat i uttrykket. Vi veit det er viktig å ha oppdatera nettsider og ver ikkje redd for å gje tilbakemelding dersom du finn feil eller har innspel til oppslag.

Ha det fint i vinter-Norge!

Med helsing

Agnes Haugan
nestleder

 
Ledige tannpleiere
Vår kampsak

Å praktisere selvstendig på trygdens regning. Norsk Tannpleier- forening arbeider for at tannpleiere skal få selvstendig refusjonsrett, og er i kontinuerlig dialog med Helse- og omsorgsdepartementet om denne viktige saken.

deltany 
nyIFDH
hw_logo_oralb
Zendiumny