Forsiden - Ledere -
TANNPLEIARAR I NORDEN – LIKE ARBEIDSVILKÅR?

Det er dagen etter heimkomst frå årets fagkurs i Kristiansand når eg skriv dette. Og atter ein gong har eg reist heim med ein bekreftelse på at desse årlege fagkursa er viktige. Oppleve det gode fellesskapet med andre tannpleiarar, møte gamle kjente og bli kjent med nye, og ikkje minst få god fagleg påfyll. I tillegg får vi oppleve landet vårt frå nord til sør på denne måten. Det er ikkje utan grunn at Torbjørn Wilhelmsen i Zendium har laga sitt eige slagord på vegne av utstillarane som kvart år er med oss, nemleg: Norge rundt med Norsk Tannpleierforening!

Rekordstor deltagelse – aldri før har vi vore tvinga til å avvise folk til vårt fagkurs. Dette var ein heilt ny situasjon for oss i NTpF og vi må no sette oss ned å sjå på den vidare utviklinga av fagkurset vårt. Stor deltaking er ikkje noko problem, bare ei utfordring.

Våren er ei travel tid også for Norsk Tannpleierforening. Få dagar etter fagkurset satte ledar Tove og eg kursen for Stockholm og nordisk ledermøte. Det er alltid hyggeleg å møte sine nordiske kollegaer frå Danmark, Sverige, Finland og Island, og vertskapet i Svensk Tandhyginistforening hadde i år invitera oss med på EuroPerio 06, der vi hadde ein felles nordisk stand ein av dagane.

Ein skulle tru at tannpleiarar i dei nordiske landa har tilnærma dei same arbeidsoppgåver og føresetnader for å utøve sitt yrke. Slik er det faktisk ikkje. I Sverige har framleis ikkje tannpleiarar lov til å kjøpe eget røntgenutstyr. I Finland har ikkje tannpleiarar lov til å stille kariesdiagnose og ta røntgenbilde ut frå eigen vurdering. Dei kan koma med forslag til diagnose men den endelege vurderinga skal tannlegen gjera. Finske tannpleiarar har også i alle år vore organisera i same forening som tannhelsesekretærane og dei har kjempa ein lang kamp med både rettslege tvistar og ufine metodar frå finske tannhelsesekretærar før dei klarte å lausrive seg nå i 2008. Og ennå har dei ikkje blitt akseptert som eigen forening av hovedorganisasjonen. Deira historie opprører oss i dei andre nordiske landa, og difor er det viktig at vi møtes på denne måten i Norden og kan gje kvarandre støtte og hjelp i vanskelege saker.

Grunnen til at eg fortel dette er for å vise at tannpleiarar her i Norge for det meste har gode arbeidsvilkår og blir verdsatt som ei viktig yrkesgruppe i dagens tannhelsetjeneste. Men vi har også kjempa nokre kampar og har framleis viktige saker å løyse. Difor er det godt å bli minna på alt vi har vunne når vi høyrer om tilhøva i Finland.

No er det snart ferie for mange og alle har forskjellige behov for kva ein vil fylle ferien sin med. Eg dreg kvar helg til eit gardsbruk vi har overtatt, der avkobling for meg er å sitje på trappa og gjera som Tarjei Vesaas. Han sa nemleg ein gong då nokon spurte kva han sat og tenkte på: eg sit bare og glor!

For oss som forheld oss til menneske kvar einaste dag, kan dette vera eit godt råd. Ta deg tid i ferien til å sitje og glo! Eg kjenner meg priviligera som får lov til å leva i stillheten når eg har lyst. Det skal eg gjera i delar av ferien min også.

God sommar til dykk alle!

 

Agnes Haugan

Nestleder

 

 
Ledige tannpleiere
Vår kampsak

Å praktisere selvstendig på trygdens regning. Norsk Tannpleier- forening arbeider for at tannpleiere skal få selvstendig refusjonsrett, og er i kontinuerlig dialog med Helse- og omsorgsdepartementet om denne viktige saken.

deltany 
nyIFDH
hw_logo_oralb
Zendiumny