Forsiden - Ledere -
Vi jubilerar!

40 år er ingen alder, men det er likevel grunn til å stoppe opp ved ein slik milepæl og sjå kvar Norsk Tannpleierforening står i dag som yrkesorganisasjon. Vi skal vera glade for at det var ei gruppe tannpleiarar som for 40 år sidan såg viktigheten av å starte ein eigen organisasjon. I vedtektene frå 1968 kan vi lese at foreninga sitt formål var: å ivareta medlemmenes faglige, sosiale og økonomiske interesser og fremme det kollegiale samhold ved å samle sine medlemmer til møter for faglig og annen informasjon.

I 2008 kan vi fortsatt slutte oss til dette formålet. Tannpleiaranes yrkesutøving og rolle i tannhelseteamet har endra seg mykje på desse førti åra, og det er framleis behov for å ha ein yrkesorganisasjon som jobbar for tannpleiarane sine interesser.

Norsk Tannpleierforening slik vi ser organisasjonen i dag, er eit resultat av utretteleg arbeid av mange dyktige og engasjera tannpleiarar som har hatt trua på at tannpleiarne er ei viktig yrkesgruppe. Eg vil samanlikna NTpF med eit hus. Vi har ein solid grunnmur som har blitt bygd i fellesskap av dyktige leiarar og styremedlemmer gjennom 40 år. Etasje for etasje har vi bygd oss opp til å bli den livskraftige organisasjonen som vi ser NTpF er i dag. Takk til dykk som har vore med på dette byggearbeidet og som har gjort oss stolte av å vera tannpleiarar!

Det er mange rom i eit hus og desse romma må alle medlemmene vera med på å fylle med viktig innhald. Men det er plass til fleire i dette huset! La oss i dette jubileumsåret jobbe for å bli ein endå meir slagkraftig organisasjon, og det kan vi bare bli viss alle utdanna tannpleiarar er organisera.

Medlemsskap i ein yrkesorganisasjon gjev oss eit fellesskap der vi skaper oss verdifulle nettverk både fagleg og sosialt. Ein yrkesorganisasjon skal fungere som eit talerør for sine medlemmer og dette inneber blant anna kontakt med utdanningsstadene, departement og politikarar. Så er det opp til det sitjande styre om dei klarar å vera det talerøret som medlemmene ynskjer. Vi må huske på at NTpF er ein liten organisasjon samanlikna med mange andre, både med hensyn til administrative ressurser og antal medlemmer. Vi må heile tida prioritere kva vi skal bruke tid og ressurser på og dermed kan det vera saker vi skulle vore involvert i, som vi ikkje har kapasitet til å engasjere oss i. Dette vil alltid vera eit vanskeleg valg for eit styre.

Vi har akkurat hatt nordisk leiarmøte på Island, og vi opplevde gjennom dei ulike presentasjonane at NTpF er fullt på høgde med dei andre nordiske landa med omsyn til aktivitet og saker det arbeidast med. Eg var stolt av å representere Norge! Det var óg fint å oppleve at vi tenker veldig likt om mange saker i dei nordiske landa og har ei felles haldning til kva tannpleiaranes særtrekk som yrkesgruppe skal vera, nemleg helsefremjande og forebyggande arbeid.

Visjonar for dei neste 40 år må vera at vi skal bli endå meir synlege som yrkesgruppe. Vi lever i ein tidsalder der media og reklame styrer oss. Her er NTpF i gang med spennande ting!

Vårt ynskje for framtida er at vi fortsatt skal utdanne sjølvstendige, trygge, reflekterte og

stolte tannpleiarar!

Det veit vi at vi har her i Norge – vi gratulerar oss sjølve med jubileet!

 

Helsing

Agnes Haugan

 
Ledige tannpleiere
Vår kampsak

Å praktisere selvstendig på trygdens regning. Norsk Tannpleier- forening arbeider for at tannpleiere skal få selvstendig refusjonsrett, og er i kontinuerlig dialog med Helse- og omsorgsdepartementet om denne viktige saken.

deltany 
nyIFDH
hw_logo_oralb
Zendiumny