Nestlederen har ordet Tannstikka nr 4 - 2007
Tannpleiarar – viktige aktørar i framtidas tannhelsetenester
Så kom den likevel før sommarferien – Stortingsmeldinga som vi har venta på så lenge!
Fredag 29.juni vart NTpF på kort varsel invitera saman med NTF og KS til eit formøte i Helse – og omsorgsdepartementet for å bli orientert om innhaldet i meldinga. På pressekonferansen seinare på dagen kunne ledar Tove Bakken stolt sitte og høre på at Helse –og omsorgsminister Sylvia Brustad ved fleire høve vektla betydningen av tannpleiarane si rolle i framtidas tannhelsetenester. Ho sa blant anna at tannpleiarane sin kompetanse ikkje var utnytta godt nok og meinte at tannpleiarar bør kunne ta seg av alle tannhelsekontrollar. Fleire av sakene som NTpF tok opp i sitt høringssvar til meldinga har kome med og Tove nytta difor anledninga til å helse på ministeren og fortelje at vi som yrkesgruppe er svært nøgde med meldinga.
Det er 32 år sidan sist vi fekk ei Stortingsmelding om tannhelsetenesta. Denne meldinga bør difor lesast med stor interesse då den legg viktige føringar for korleis tannhelsetenester for heile befolkninga skal organiserast i framtida. Det vert sagt mykje om tannpleiarar i denne Stortingsmeldinga, noko som betyr at NTpF må engasjere seg aktivt i sakene fram til endeleg behandling i Stortinget.
Det er viktig å vera klar over at dette ikkje er ei melding for den offentlege tannhelsetenesta, den gjeld like mykje for deg som jobbar privat. Det vert påpeika at samarbeidet mellom offentleg og privat sektor må utviklast og privat sektor må i større grad bidra til å løyse offentlege oppgåver. Her vil det sikkert bli spennande diskusjonar!
Ein meir hensiktsmessig oppgåvefordeling mellom tannlegar og tannpleiarar vert nevnt fleire gonger i meldinga, ja eg byrja faktisk å sette eit kryss ved alle setningar som omhandla temaet og det vart mange kryss! Regjeringa si vurdering seier at det er god samfunnsøkonomi å la tannpleiarar utføre tannhelsekontrollar og kariesdiagnostikk. Ein peikar særskilt på at det er eit stort potensiale i privat sektor for å ansette fleire tannpleiarar.
Sjølvstendig refusjonsrett for tannpleiarar er ei anna sak som NTpF har jobba for lenge og det ser nå ut til å kunne bli ein realitet. Regjeringas vurdering seier at sjølvstendig refusjonsrett vil vera eit viktig verkemiddel for å oppnå ei ønska utvikling med omsyn til tannpleiaranes fyrstelinjerolle og dermed oppgåvefordelinga mellom tannpleiarar og tannlegar. Det vert også peika på at sjølstendig refusjonsrett vil gje pasientane større mogleghet til å velge behandlar.
Folkehelsearbeid må nesten seiast å gå som ein raud tråd gjennom heile meldinga. Dette er gledeleg frå vår ståstad som tannpleiarar, og meldinga legg opp til ei større deltaking og engasjement av heile tannhelsetenesta på dette området.
Auka utdanningskapasitet for tannpleiarar, kompetanseutvikling, tannhelseteam på sjukehus - det er mykje spennande å lese i Stortingsmelding nr.35!
Mi oppmoding til alle tannpleiarar er difor: Les stortingsmeldinga – det angår framtida di!
Med ynskje om ein god haust til dykk alle!
Med helsing
Agnes




