Leder Tannstikka nr 4 - 2006
Nytt landsstyre - nye utfordringar!
Det har vore Landsmøte i Norsk Tannpleieforening og vi er nå ein ganske så ny gjeng med jenter som saman skal styre NTpF dei neste fire åra.
Å bli kontakta av valkomiteen er både skremmande og smigrande. Når den fyrste telefonen kjem, tenker ein med ein gong at dette er ikkje aktuelt, har ikkje tid, har ikkje lyst osv. Du kjenner deg kanskje igjen? Men på den andre sida er det også smigrande å høyre at du er ønska til ein funksjon sentralt i yrkesorganisasjonen din. At nokon meiner at akkurat du har noko å bidra med i eit landsstyre.
Eg sa til slutt ja, etter ein del rundar med meg sjølv og eg sa ja fordi eg faktisk nå hadde lyst og var motivert til å bidra med arbeid på sentralt plan.
Eg vart styrka i min beslutning om å ha gjort dette valget etter at eg var på Samfunnsodontologisk Forum i Bergen nå i juni. Der vart det halde eit foredrag av Angela Bermudez-Svankvist, tidlegare Tannvårdsjef i Stockholm Landsting og eit fyrverkeri av ei dame! Ho sa fylgjande kloke ord:
Spørsmålet er ikkje lenger kva organisasjonen din gjer for deg men kva gjer du for din organisasjon?
Då ho sa dette, sat eg og kjente på ein stolthet i meg sjølv, om at eg no saman med fem andre jenter har tatt eit slikt ansvar og sagt ja til gjera ein jobb for vår organisasjon. Vi har sagt ja til å bruke av vår tid dei neste fire åra til å jobbe for tannpleiarane som yrkesgruppe og sjå til at NTpF er ein god organisasjon som tannpleiarar i Norge kan identifisere seg med og føle tilhørighet til. Eg veit det kan koma til å ta mykje tid, både av fritid og arbeidstid, men det er eg villig til så lenge eg føler dette er meiningsfullt å drive med. Vi veit at mange lokalforeningar slit med å få folk til å ta på seg styreverv. Det er synd, for denne type arbeid gjev deg masse verdifull erfaring som du kan dra nytte av i andre samanhengar.
Vi er avhengige av aktive og engasjerte medlemmer i Norsk Tannpleierforening. Tenk difor over: kva kan eg gjera for NTpF? Det finns så mange tannpleiarar rundt om i landet med mange gode meiningar og gode tankar om både kva Norsk Tannpleierforening bør jobbe med og korleis tannpleiarane si rolle bør vera i framtida. Men det hjelper lite viss ikkje alle desse gode tankar og idear vert kanalisert vidare til NtpF sentralt. Vi treng å få innspel frå nettopp deg!
Eg vonar at terskelen for å ta kontakt med nokon av oss i styret skal vera så låg som mogleg. Og i vår moderne tid med e-post (som eg ikkje skjønnar korleis vi klarte oss uten!) er det enkelt å sende ei melding om ting som opptar deg. De som lokalavdelingsleiarar har eit særleg ansvar her. De kan formidle innspel og idear frå dykkar medlemmer som kjem opp på medlemsmøte i lokalforeningane.
Eg gleder meg til å gjera ein jobb for NTpF saman med dei andre dyktige jentene som har tatt på seg dette ansvaret. Men vi treng hjelp frå dykk tannpleiarar der ute - vi ber deg om å engasjere deg og interessere deg for organisasjonen din!
Med beste helsing
Agnes Haugan
NTpFs nestleder





